Fjord Rib Adventure
See all dates and details for this experiencejun
25
2026
torsdag
— 11:45
12 seats left
Skjolden Marina
Om opplevelsen
Bli med på Fjord RIB Adventure på Sognefjorden, og opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å tilby!
Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over Lustrafjorden i ein komfortabel RIB-båt. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall sett frå fjorden, samt høyre guiden fortelje om området og dele lokale historier.
Turen startar ved Skjolden Marina og går vidare langs nordsida av Lustrafjorden. Me får fin utsikt over kjende attraksjonar som til dømes Gamle Lerum saftfabrikk, den gamle handelsstaden Marifjøra, og tidlegare Luster sanatorium, Harastølen. Eit av høgdepunkta på turen er utsikta mot den 229 meter høge Feigefossen. Me gjer korte stopp for å ta bilete og nyte naturen. Undervegs kan me møte på nysgjerrige kobbar og niser som dukkar opp og helsar på. På vegen tilbake går me langs sørsida av fjorden og opplever nye fossefall og naturperler.
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer 15 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 4 år
- Maks deltakere
- 12
- Booking lukker
- 12h før
- Sted
- Skjolden Marina, Sognefjord
Oppmøtested
Skjolden Marina, 6876 Skjolden
Skjolden Marina, Sognefjord
Bilder fra turen
Book this departure
Fjord Rib Adventure
torsdag 25 juni 2026 · 10:30 — 11:45