Fjordcruise på Geirangerfjorden
See all dates and details for this experienceBooking has closed for this departure
See other datesOm opplevelsen
Opplev verdsarvområdet frå sjøsida på ein eksklusiv båttur langs Geirangerfjorden!
Opplev verdsarvområdet frå sjøsida! Kom tett på naturen, fjordgardane og dei vakre fossefalla på ein eksklusiv båttur langs Geirangerfjorden. Her får du høyre morosame, rare, fengande og sjarmerande historier om verdsarvfjorden og fjella rundt direkte frå sjølvaste kapteinen. Den komfortable båten fraktar deg trygt rundt, slik at du kan puste ut og ta inn inntrykka medan du glir av garde.
Dei oppsette turane med fast avgang kan du bestille direkte her på nettsida, men ta gjerne kontakt om du ynskjer å sende ein førespurnad om tur på andre tidspunkt. For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Tilleggsinformasjon
Hugs å kle deg etter vêret. Oppmøte bak Joker i Geiranger Sentrum seinast eit kvarter før avgang – sjå etter skiltet med Båtservice Geiranger.
For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Alle foto: Hyke Studio
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 2 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 1
- Booking lukker
- 1 dager før
- Sted
- Geiranger Marina, Western Norway
Oppmøtested
Geiranger marina
Geiranger Marina, Western Norway
Bilder fra turen