Flydalsjuvet Panorama
På denne turen skal du opp i høgda, sitje på ei trone, kikke ned i juv og besøkje ein tradisjonsrik fjellgard. Turen byr på storslått utsyn – og kanskje litt innsikt?
Om opplevelsen
På denne turen skal du opp i høgda, sitje på ei trone, kikke ned i juv og besøkje ein tradisjonsrik fjellgard. Turen byr på storslått utsyn – og kanskje litt innsikt?
Denne panoramaturen har fleire stoppepunkt. Først køyrer du vegen oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden – og mot svimlande djup. Vidare går ferda oppover dei grøne bakkane mot fjellgarden Vesterås, der du får ei praktfull utsikt over fjord og fjell. Kanskje kan det smake med ein vaffel, ein kopp kaffi eller lunsj medan du er på Vesterås? Nyttar du restauranten, parkerer du gratis, elles betaler du ei parkeringsavgift på kr. 100,–. Kanskje har du tid til å sjå deg litt rundt på den tradisjonsrike garden? Sjølv ein kort rusletur i området vil gi deg inntrykk som varer lenge.
Tilleggsinformasjon
Den som kjører bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.
Alle foto: JL Media
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 18 år
- Maks deltakere
- 15
- Sted
- Geiranger, Western Norway
Avgangstider
Oppmøtested
Geiranger centre
Geiranger, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner