Ålesund Highlights 2 timer
See all dates and details for this experienceOm opplevelsen
Historisk rundtur med eit fantastisk utsyn over Ålesund!
Bli med på ein historisk rundtur der du får oppleve Jugendstil, Ålesund kirke og eit fantastisk utsyn over Ålesund. Her kan du oppleve Ålesund på eiga hand og i eige tempo i ein sprek, liten elbil frå eMobility. GPS-systemet guidar deg rundt og garanterer ei humørfylt oppleving!
Turen startar med henting av bilen i Tollbugata 3 og losar deg først opp i høgda til utsiktspunktet på fjellet Aksla. Her kan du puste inn det storslåtte utsynet over byen og øyriket rundt – ei stor oppleving, same korleis vêret er!
Deretter går ferda ned igjen, gjennom sentrum og til Ålesund kirke før den fortsetter ut til Atlanterhavsparken på andre sida av byen. Vi har mykje kjekt å fortelje deg på veien, både om bybrannen, Jugendstilen og fiskerihovudstaden på Sunnmøre.
Når tida er omme, returnerer du og bilen til leveringspunktet i Tollbugata. Forhåpentlegvis har du blitt nysgjerrig på å få vite meir og kan bruke tida på å utforske byen vidare!
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 2 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 18 år
- Maks deltakere
- 14
- Booking lukker
- 2 dager før
- Sted
- Ålesund, Sunnmøre
Oppmøtested
Tollbugata 3, Ålesund
Ålesund, Sunnmøre
Bilder fra turen
Book this departure
Ålesund Highlights 2 timer
lørdag 2 mai 2026 · 12:00 — 14:00