Book Local
Sesongopning med foredrag om boka ISBRE
Norsk Bremuseum

Sesongopning med foredrag om boka ISBRE

Norsk Bremuseum og Sogndal Turlag ynskjer velkomen til brekveld i Fjærland der vi får besøk av Maria og Kjell Bratteli Jonsson, som vil fortelja om sin nye bok ISBRE.

Vanskelighetsgrad Easy
Varighet 1h30
Pris fra 100 NOK

Om opplevelsen

Norsk Bremuseum og Sogndal Turlag ynskjer velkomen til brekveld i Fjærland der vi får besøk av Maria og Kjell Bratteli Jonsson, som vil fortelja om sin nye bok ISBRE.

ISBRE – vandring - redning - friluftsliv er ei rik og engasjerende handbok for alle som ferdast på bre. Det blir ein inspirerande presentasjon med bileteframsyning, historier frå breane og tankar om skriveprosessen bak boka. At det skulle bli ei så omfattande bok var aldri planen...


Forfatterne har utdanna seg til breinstruktørar gjennom NF-systemet og held brekurs på ulike nivå. Som kursdeltakarar, og seinere kursleiarar, ynskjer dei seg ei bok med alt du treng å veta. Og nå er den her!


Boka ISBRE er full av nyttig kunnskap for både nye og erfarne brefolk: Frå bevegelsesteknikk på blåis og snødekt bre, til taulagsrutiner, redningsteknikk, knuter og fyrstehjelp. Her får du også eit djupdykk i brekunnskap, flora og fauna, og historien om korleis isbreene har gått frå å vera frykta naturfenomen til å bli ettertrakta mål for naturopplevingar. Boka kombinerer praktisk friluftskompetanse med fagleg tyngde. Den bygger på solid erfaring frå brekurs, og er skreve med støtte frå glasiologar, fjellfolk, fjellkursleiarar og geologar – og er rikt illustrert av Bergljot Hals. Forordet er skreve av Børge Ousland, som skriv: «Gjennom denne boka håper jeg at flere vil oppdage isens magi og dens enorme betydning.»


Aldri har det vore viktigere å rette blikket mot isbreene våre. ISBRE er ikke berre ei bruksbok, men også ei påminning om alt vi står i fare for å miste.


Boka vert gjeve ut på forlaget Fri Flyt, og ynskjer du eit signert eksemplar er det moglegheit for å kjøpe det denne kvelden.



19.30 i kinosalen

- Velkomen ved fagansvarleg

- Maria og Kjell fortel om boka ISBRE


Ca 20.30

- Avduking av nye utstillingar i samband med markeringa av ny sesong hjå Norsk Bremuseum


21.00 Slutt og vel heimatt

Levert av

Norsk Bremuseum

Pris fra

100 NOK
Lecture 100 NOK

Praktisk info

Varighet
1 timer 30 min
Vanskelighetsgrad
easy
Maks deltakere
155
Sted
Fjærland, Western Norway

Oppmøtested

Fjærlandsfjorden 13

Fjærland, Western Norway

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image