Book Local
Klasse 4 rafting
Norway Active AS

Klasse 4 rafting

Bli med oss ​​inn i den spennende raftingverdenen med Voss Active, hvor adrenalin møter den fantastiske naturen på Vestlandet.


Opplev spenningen ved å navigere kraftige stryk under veiledning av våre guider i verdensklasse. Passer for både erfarne raftere og nybegynnere.

Vanskelighetsgrad Medium
Varighet 4h

Om opplevelsen

Bli med oss ​​inn i den spennende raftingverdenen med Voss Active, hvor adrenalin møter den fantastiske naturen på Vestlandet.


Opplev spenningen ved å navigere kraftige stryk under veiledning av våre guider i verdensklasse. Passer for både erfarne raftere og nybegynnere.

Bli med oss inn i den spennande verda av rafting med Voss Active, der adrenalinet møter vakker vestlandsnatur. Opplev spenninga ved å navigere kraftige stryk under leiing av våre dyktige guidar. Høver for både erfarne og nybyrjarar.


Voss Active er raftingeksperten på Voss og, det einaste selskapet som kan rafte dei beste partia i både Strandaelva og Raundalselva. Vi kan difor velje den elva som er best ut frå vassføringa akkurat den dagen du kjem. Begge held topp internasjonal klasse, og vi garanterer ei fantastisk oppleving.


Strandaelva: Grad 3-4+, ca. 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest kjende raftingelva med spektakulære stryk som «Laila», «Svanhild», «Elevator» og «Kåre». Elva har ein fin progresjon frå enkle parti i starten, mektige stryk i mellomstrekket og rolegare avslutning kor vi kan hoppe i elva og la oss drive med straumen.


Raundalselva: Grad 3-4+, ca. 7 km. Raundalselva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Ved rett vasstand kan vi, som det einaste selskapet, rafte «Timberhole» - det aller største raftingstryket i Europa! Raundalselva er viden kjent for sin krystallklare og turkise farge. Undervegs på turen, vil alle som ynskjer få sjansen til å hoppe i elva frå ei klippe på 4 meter.

Tilleggsinformasjon

Symjetest

Alle deltakarar må gjennomføra ein symjetest i elva ved starten av turen.


Krav:

  • 15år i løpet av året
  • Normal fysisk helse
  • Må kunne symje
  • Maks 120kg
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Deltaking på denne aktiviteten er ikkje tillate for personar som er gravide, eller som har hjarte- eller ryggproblem
  • Vi tilrår at du rådfører deg med oss ved medisinske tilstandar som nylege operasjonar, astma, epilepsi, ryggskadar eller avgrensa rørsleevne.

Varigheit:

  • Ca. 3–4 timar totalt
  • Ca. 1,5–2 timar på elva

Inkludert:

  • Neopren våtdrakt. Heildekkande 5mm om sommaren og varm 7mm dykkerdrakt om vår/haust. Vi har det beste utstyret av alle selskapa i Noreg!
  • Elvesko, redningsvest og hjelm
  • All transport under turen
  • Forfriskingar

Ta med:

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ei langerma undertrøye i ull for kjølige dagar

Godt å vita

  • Du blir garantert våt!
  • Grupper på meir enn 6 må delast opp i ulike flåtar
  • Alle våtdrakter og sko blir desinfiserte etter kvar tur


Levert av

Norway Active AS
Voksen 1 595 NOK

Praktisk info

Varighet
4 timer
Vanskelighetsgrad
medium
Maks deltakere
24
Sted
Voss Active, Western Norway

Avgangstider

Avgangar: 10:00 og 15:00

Sesong: Mai - okt

Oppmøtested

Nedkvitnesvegen 25, 5710, Skulestadmo

Voss Active, Western Norway