Book Local
Øyhopping med postbåten frå Bulandet - Hardbakke
jun
22
2026
mandag
— 17:00
22 seats left Bulandet
Vanskelighetsgrad Easy
Varighet 1h30
Pris fra 300 NOK

Om opplevelsen

Bli med den lokale postbåten på øyhopping frå Bulandet - Hardbakke. Denne turen er ikkje ein guida tur, og er i hovudsak ein ekspressrute sørover. Ønskjer du guida øyhoppingstur må du reise med postbåten frå Hardbakke - Bulandet

Postbåten "Stjernsund" går frå Bulandet til Hardbakke i Solund. Før du tar båten kan du utforske øyene på Bulandet på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling! Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!  

Båten går innom det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.


Etter stoppet på Gåsvær går båten vidare mot Hardbakke i Solund.

Sjølve turen er i hovudsak ein ekspressrute frå Bulandet - Hardbakke, og det vert difor ikkje guida tur. Ønskjer du guida øyhoppingstur må du reise med postbåten frå Hardbakke - Bulandet


Levert av

Visit Fjordkysten & Sunnfjord AS

Praktisk info

Varighet
1 timer 30 min
Vanskelighetsgrad
easy
Maks deltakere
22
Booking lukker
11h før
Sted
Bulandet, Western Norway

Viktig informasjon

Dette er ein gyldig einvegsbillett frå Bulandet til Hardbakke med avreise klokka 15.30. Velkomen på Øyhopping i øyriket i vest. Vi ønskjer deg ein flott tur!


Kanselleringsbetingelsar:

Må kansellere minst 24 timer før turen for full refusjon. Om du kansellerer etter 24 timer får du kun 50% av kjøpssummen tilbake.


Billettar til ekspressbåten kan bestillast på norled.no.


Hjelp oss å gjere di reise endå betre https://www.fjordnorway.com/no/kampanje/fjordkysten-og-sunnfjord/hjelp-oss-a-gjere-di-reise-enda-betre

Oppmøtested

Nikøy Kai på Bulandet

Bulandet, Western Norway

Bilder fra turen

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image