Øyhopping med postbåten frå Bulandet - Hardbakke
See all dates and details for this experienceOm opplevelsen
Bli med den lokale postbåten på øyhopping frå Bulandet - Hardbakke. Denne turen er ikkje ein guida tur, og er i hovudsak ein ekspressrute sørover. Ønskjer du guida øyhoppingstur må du reise med postbåten frå Hardbakke - Bulandet
Postbåten "Stjernsund" går frå Bulandet til Hardbakke i Solund. Før du tar båten kan du utforske øyene på Bulandet på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling! Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!
Båten går innom det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.
Etter stoppet på Gåsvær går båten vidare mot Hardbakke i Solund.
Sjølve turen er i hovudsak ein ekspressrute frå Bulandet - Hardbakke, og det vert difor ikkje guida tur. Ønskjer du guida øyhoppingstur må du reise med postbåten frå Hardbakke - Bulandet
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer 30 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 22
- Booking lukker
- 11h før
- Sted
- Bulandet, Western Norway
Viktig informasjon
Dette er ein gyldig einvegsbillett frå Bulandet til Hardbakke med avreise klokka 15.30. Velkomen på Øyhopping i øyriket i vest. Vi ønskjer deg ein flott tur!
Kanselleringsbetingelsar:
Må kansellere minst 24 timer før turen for full refusjon. Om du kansellerer etter 24 timer får du kun 50% av kjøpssummen tilbake.
Billettar til ekspressbåten kan bestillast på norled.no.
Hjelp oss å gjere di reise endå betre https://www.fjordnorway.com/no/kampanje/fjordkysten-og-sunnfjord/hjelp-oss-a-gjere-di-reise-enda-betre
Oppmøtested
Nikøy Kai på Bulandet
Bulandet, Western Norway
Bilder fra turen
Book this departure
Øyhopping med postbåten frå Bulandet - Hardbakke
torsdag 25 juni 2026 · 15:30 — 17:00