Øyhopping med postbåten Hardbakke - Bulandet
Bli med den lokale postbåten på øyhopping frå Hardbakke - Bulandet
Om opplevelsen
Bli med den lokale postbåten på øyhopping frå Hardbakke - Bulandet
Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær.
Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!
Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.
Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. Her går du av båten, og kan utforske øyene på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling! Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!
Tilleggsinformasjon
Om du vil ta øyhopping tur/retur må du booke retur her.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 3 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 22
- Sted
- Hardbakke, Western Norway
Avgangstider
Postbåten går mellom Hardbakke og Bulandet, mandag til fredag i sommarsesongen. Kl. 11.00 er det avgang med Postbåten frå Hardbakke i Solund.
Viktig informasjon
Dette er ein gyldig einvegsbillett frå Hardbakke til Bulandet med avreise klokka 11.00. Velkomen på Øyhopping i øyriket i vest. Vi ønskjer deg ein flott tur!
Kanselleringsbetingelsar:
Må kansellere minst 24 timer før turen for full refusjon. Om du kansellerer etter 24 timer får du kun 50% av kjøpssummen tilbake.
Billettar til ekspressbåten kan bestillast på norled.no.
Hjelp oss å gjere di reise endå betre https://www.fjordnorway.com/no/kampanje/fjordkysten-og-sunnfjord/hjelp-oss-a-gjere-di-reise-enda-betre
Oppmøtested
Hardbakke
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner