Besøk på lakseoppdrett med lunsj (Hardanger)
Opplev og lær meir om lakseoppdrett i Hardangerfjorden - En unik naturopplevelse!
Om opplevelsen
Opplev og lær meir om lakseoppdrett i Hardangerfjorden - En unik naturopplevelse!
Bli med på ein spennande og lærerik rundtur på eit lakseoppdrett i den vakre Hardangerfjorden som avsluttes med lunsj. Her får du moglegheita til å oppleve korleis laks veks og lever i eit av Noregs mest imponerande og naturskjønne fjordområde. På turen vil du læra om prosessane bak berekraftig oppdrett, frå fisken klekkjast til den er klar for marknaden.
Under besøket vil våre erfarne guider ta deg med på ein tur rundt anlegget, der du får innsikt i teknologiske løysingar og miljøvennlege tiltak som sørgjer for ein sunn og effektivt matproduksjon. Du får også høyre om korleis fiskenæringa har utvikla seg i regionen, og kvifor Hardangerfjorden er ein ideelt stad for fiskeoppdrett.
Enten du er nysgjerrig på havbruk, interessert i lokal matproduksjon, eller berre ønskjer å lære meir om den norske naturen, er dette ei oppleving for deg. Kombiner læring med ein fantastisk naturoppleving i ein av Noregs mest ikoniske fjordar.
Kva du kan forvente:
- Ein guida tur på eit lakseoppdrett
- Fasinerande informasjon om berekraftig matfiskproduksjon og fiskehelse
- Fantastiske utsikter over Hardangerfjorden og omgivelsane rundt
- Moglegheit til å stille spørsmål og få innsikt i bransjen
- Ei læringsoppleving for både vaksne og born
- Vår populære laksebuffet
Ei smaksoppleving frå fjorden
Velkomen til ei smakfull og næringsrik lunsjoppleving! Me serverer deilig lunsj med laks i fleire variantar, tilberedt med omhug og kjærleik for både smak og helse. Uansett om du er fan av røykt, bakt, marinert eller sylta laks, har vi noko som passar for alle.
Vårt lunsjtilbod byr på friske og lekre rettar som gjev deg eit energigivande måltid. Kvar rett er nøye samansett med ferske, lokale ingrediensar for å gi deg ein autentisk matoppleving.
Det vi tilbyr:
- Vår eigen røykte laks frå Lingalaks – Laksen er røykta til perfeksjon, og gir ei fyldig og smaksrik oppleving som gjer seg godt på både brød og til salat.
- Laks ovnsbakt i eplemarinade frå lokal produsent – Ei mild og fruktig marinade som gjev laksens ein nydeleg smak av Hardanger.
- Raudbetmarinert laks – Laksen får ein vakker farge og ein spennande smak frå raudbetene, som gjev ein fin kontrast til den delikate fisken.
- Sashimi – Fersk rå laks marinert med vår eiga soyamarinade oppskrift, dette er vår eigen favoritt på lunch bordet
- Ovnsbakte poteter – Dei saftige potetene blir bakt til dei er gylne og sprø, og er den perfekte følgjet til laksen.
- Salat med lokale ingrediensar – Frisk og fargerik salat med ingrediensar frå nærområdet, som gir både smak og tekstur til måltidet.
- Brød frå lokalt bakeri – Lokalt brød som gjir ein rustikk og velsmakande basis for laksen.
- Dressing med lokale urter – Ein frisk og smakfull dressing laga med urter frå nærområdet, som komplementerer laksen på ein perfekt måte.
- Smør – Smakfullt meierismør som gjer ein ekstra luksusfølelse til måltidet.
- Vatn - Nydeleg vatn tappa frå springen, henta frå fjella du ser rundt deg.
Kvar rett er perfekt balansert for å gje deg ei oppleving som både er smakfull og mettande. Nyt ein deilig lunsj i godt selskap, og få energi til resten av dagen med våre smakfulle laksalternativ.
Opplev fiskenes reise frå fjord til bord, og ta med deg minne frå eit besøk i hjarta av norsk havbrukstradisjon.Velkommen til ein smaksfest med norsk kortreist laks!
Tilleggsinformasjon
Kle deg etter véret, som vi nordmenn seier "det finst ikkje dorleg vér, berre dorlege kler!". Visningen føregår både ute og inne.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer 30 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 50
- Sted
- Fyksesundvegen 705, 5612 Steinstø, Hardanger
Oppmøtested
Fyksesundvegen 705
Fyksesundvegen 705, 5612 Steinstø, Hardanger
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner