Book Local
Besøk på lakseoppdrett med smaksprøver (Hardanger)
Lingalaks Akvasenter AS

Besøk på lakseoppdrett med smaksprøver (Hardanger)

Opplev og lær meir om lakseoppdrett i Hardangerfjorden - En unik naturopplevelse!

Varighet 45m
Vanskelighetsgrad Easy
Fra pris 260 NOK

Om opplevelsen

Opplev og lær meir om lakseoppdrett i Hardangerfjorden - En unik naturopplevelse!

Bli med på ein spennande og lærerik rundtur på eit lakseoppdrett i den vakre Hardangerfjorden. Me avsluttar rundturen med smaksprøvar. Her får du moglegheiten til å oppleve korleis laks veks og lever i eit av Noregs mest imponerande og naturskjønne fjordområde. På turen vil du lære om prosessane bak berekraftig oppdrett, frå fisken klekkjast til den er klar for marknaden.


Under besøket vil våre erfarne guider ta deg med på ein tur rundt anlegget, der du får innsikt i teknologiske løysingar og miljøvennlege tiltak som sørgjer for ein sunn og effektivt matproduksjon. Du får også høyre om korleis fiskenæringa har utvikla seg i regionen, og kvifor Hardangerfjorden er ein ideelt stad for fiskeoppdrett.


Enten du er nysgjerrig på havbruk, interessert i lokal matproduksjon, eller berre ønskjer å lære meir om den norske naturen, er dette ei oppleving for deg. Kombiner læring med ein fantastisk naturoppleving i ein av Noregs mest ikoniske fjordar.


Kva du kan forvente:

  • Ein guida tur på eit lakseoppdrett
  • Smaka på vår heilt eigne laks
  • Fasinerande informasjon om berekraftig matfiskproduksjon og fiskehelse
  • Fantastiske utsikter over Hardangerfjorden og omgivelsane rundt
  • Moglegheit til å stille spørsmål og få innsikt i bransjen
  • Ei læringsoppleving for både vaksne og born


Opplev fiskenes reise frå fjord til bord, og ta med deg minne frå eit besøk i hjarta av norsk havbrukstradisjon.


Smaksprøver fra Havbrukets Skattekammer

Velkomen til vårt visningssenter for havbruk,her inviterer me deg til å oppdaga og nyta smakane frå havet! Me er stolte av å presentera våre handlaga smaksprøvar, laga med kjærleik og kvalitetsråvarer frå vår lokale produksjon.


Røykelaks - Lokalt Røykt

Opplev den unike smaken av vår røykelaks som vert røykt lokalt for å bevara den friske smaken frå havet. Vår røykeprosess gjer laksen ei fylde i smak som me håpar vil gle ein kvar sjømatelskar.


Sashimi med Heimelaga Marinade

Ta ein tur til Japan med oss å vår delikate sashimi, laga med fersk fisk og marinert etter vår eige oppskrift som me har brukt lang tid på å få perfekt. Den unike blandingn av ingrediensar i marinaden vår gjer ein fantastisk smak til vår sashimi.


Rødbetmarinert Laks - Våre Eigenkomponerte Oppskrift

Oppdag vår raudbetmarinert laks,som er marinert i ein eigenkomponert lake. Dette smakfulle alternativet gjer laksen ein vakker farge og ein overaskande smakfull opplevelse. Kvar bete er ein perfekt balanse mellom den nydelege lakse smaken og den jordnære søtheita frå raudbetene.


Små smaksbomber med berekraft i fokus.

Me legg stor vekt på berekraftige metodar i alle våre prosessar,frå røkting til røyking. Når du nyt våre smaksprøvar,støttar du ei ansvarleg framtid for havbruket. Bli med oss for eit lite måltid av smak og historie, og oppdag kva havet har å tilby!

Besøk vårt visningsenter, og la deg begeistra. Me ser fram til å dela vårt engasjement for sjømat med deg!


Tilleggsinformasjon

Kle deg etter véret, som vi nordmenn seier "det finst ikkje dorleg vér, berre dorlege kler!". Visningen føregår både ute og inne.

Levert av

Lingalaks Akvasenter AS

Pris fra

260 NOK
Guide/Bus driver joining the full experience (max. 3 PAX) 0 NOK
Barn (0 - 6 år) 0 NOK
Barn 190 NOK
Voksen 260 NOK

Praktisk info

Varighet
1 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Maks deltakere
50
Sted
Fyksesundvegen 705, 5612 Steinstø, Hardanger

Oppmøtested

Fyksesundvegen 705

Fyksesundvegen 705, 5612 Steinstø, Hardanger

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image