Om opplevelsen
Opplev det beste av Geiranger til lands og til vanns!
Alle gode ting er tre! Her får du det beste Geiranger har å tilby, med ei unik oppleving av Geiranger både til lands og til vanns – og matservering attpå. Turen startar med eit privat fjordcruise i Geirangerfjorden om bord i ein komfortabel båt. Medan du flyter av garde, kommer du tett på fjorden, fjellgardane og naturen. Etter å ha vore på tur i frisk luft eit par timar, melder kanskje svolten seg når du kommer tilbake til land. Da får du servert ei nygrilla steinbitkake i naantabrød – eit smakfullt og kortreist lite måltid – i eit av dei sjarmerande husa i Geiranger sentrum. Etterpå kan du oppleve Geiranger på fire hjul i ein miljøvennleg, stillegåande og sjarmerande elbil som viser veg og fortel smått og stort om Verdsarvområdet. Bilane har fått supre tilbakemeldingar på Tripadvisor heilt sidan vi starta i 2015. Vi står klare til å fortelje deg kvar du bør køyre denne dagen for å få mest mogleg ut av turen – og skulle du ønske å ta turen i omvendt rekkefølge prøver vi å få til det.
Pris på førespurnad, avhengig av antal personar og behov for bil. For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving om bord i båten, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Tilleggsinformasjon
Hugs å kle deg etter vêret. Oppmøte bak Joker i Geiranger Sentrum seinast eit kvarter før avgang – sjå etter skiltet med Båtservice Geiranger.
Foto: Hyke Studio og Tomas Bakken
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 5 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 1
- Sted
- Geiranger Marina, Western Norway
Oppmøtested
Geiranger marina
Geiranger Marina, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner