Best of Geiranger Kayak
Opplev Geirangerfjorden på ein unik måte i kajakk og kom tett på naturen! Her kan du kombinere ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i den vesle, grøne elbilen med ei fredeleg ferd på vatnet i dobbel kajakk.
Om opplevelsen
Opplev Geirangerfjorden på ein unik måte i kajakk og kom tett på naturen! Her kan du kombinere ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i den vesle, grøne elbilen med ei fredeleg ferd på vatnet i dobbel kajakk.
Har du lyst til å oppleve Geirangerfjorden på to ulike vis – både til lands og til fjords? Her kan du kombinere ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i den vesle, grøne elbilen med ei fredeleg ferd på vatnet i dobbel kajakk. Når du hentar bilen, vel du sjølv om du vil køyre turen mot 1. Ørnevegen eller 2. Flydalsjuvet.
Ørnevegen: Først køyrer du gjennom Geiranger sentrum, langs fjorden og opp Ørnevegen, som slyngjer seg oppover mot den vidgjetne Ørnesvingen. Der du får eit fabelaktig utsyn over fjorden, mot dei storslåtte fossefalla Dei sju systrer og smålåtne fjellgardar. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.
Flydalsjuvet: Denne panoramaturen har fleire stoppepunkt. Først køyrer du oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden og svimlande djup. Vidare går ferda oppover dei grøne bakkane mot fjellgarden Vesterås, der du får ei praktfull utsikt over fjord og fjell.
Med kajakk kan du utforske Geirangerfjorden på eiga hand, gli forbi steile klipper og nyte utsikta mot dei storslåtte fossane Dei sju systrer og smålåtne fjellgardar. Her kjem du verkeleg tett på elementa! Kajakkane er stabile, enkle å padle og snu, slik at du kan slappe av og nyte naturen. Det er ikkje nødvendig å ha padleerfaring, men energi, entusiasme og godt humør vil vere nyttig!
Når du skal leige kajakk, finn du kajakkutleiga på Homlung. Du kan gå ein halvtime eller få låne ein sykkel av oss for å kome deg dit frå Geiranger sentrum. Gi beskjed i tekstfeltet om du ønskjer å låne sykkel.
Tilleggsinformasjon
Den som køyrer bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo. Utleige av kajakk skjer med atterhald om vêret. Geiranger Fjordservice (GFS) kan kansellere kajakkleiga dersom det ikkje er forsvarleg å sende ut gjester i utleigekajakk på eiga hand. Dersom dette blir nødvendig, får du full refusjon, eller vi kan prøve å booke deg om til ein RIB-tur om du/de ønskjer det. Du som skal padle kajakk, kan ikke vege meir enn 100 kg, ha breiare hofter enn 40 cm eller vere høgare enn 200 cm. Dersom du ikkje klarer å sitje oppreist på golvet med beina rett framfor deg (fleksibilitet), vil du sannsynlegvis synest det er ubehageleg å sitje i ein kajakk.
Foto: Geiranger Fjordservice (kajakk) og JL Media
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 4 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 18 år
- Sted
- Geiranger, Western Norway
Avgangstider
Viktig informasjon
Prisen omfattar ein times leige av elbil og maks tre timers leige av kajakk.
Oppmøtested
Geiranger centre
Geiranger, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner