Best of Geiranger Learn
Utforsk Geiranger på ein unik måte samtidig som du lærer meir om verdsarven og Vestnorsk fjordlandskap! Kombiner ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i ein liten, grøn elbil med eit lærerikt og spennande besøk på Norsk Fjordsenter.
Om opplevelsen
Utforsk Geiranger på ein unik måte samtidig som du lærer meir om verdsarven og Vestnorsk fjordlandskap! Kombiner ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i ein liten, grøn elbil med eit lærerikt og spennande besøk på Norsk Fjordsenter.
Har du lyst til å utforske Geiranger på ein unik måte, samtidig som du lærer meir om verdsarven og Vestnorsk fjordlandskap? Med Best of Geiranger Learn får du begge delar! Her kan du kombinere ein times GPS-guida rundtur i fjordlandskapet i ein liten, grøn elbil med eit lærerikt og spennande besøk på Norsk Fjordsenter. Når du hentar bilen, vel du sjølv om du vil køyre turen mot 1. Ørnevegen eller 2. Flydalsjuvet. Vi anbefalar at du parkerar bilen ved Fjordsenteret når turen er slutt, og unner deg å gå fossevandringa ned att mot sentrum.
Ørnevegen: Først køyrer du gjennom Geiranger sentrum, langs fjorden og opp Ørnevegen som slyngjer seg oppover mot den vidgjetne Ørnesvingen. Der du får eit fabelaktig utsyn over fjorden, mot dei storslåtte fossefalla Dei sju systrer og smålåtne fjellgardar. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.
Flydalsjuvet: Denne panoramaturen har fleire stoppepunkt. Først køyrer du oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden og svimlande djup. Vidare går ferda oppover dei grøne bakkane mot fjellgarden Vesterås, der du får ei praktfull utsikt over fjord og fjell.
Utstillingane på Norsk Fjordsenter fortel om det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av Unesco i 2005. Gjennom utstillingar og interaktive stasjonar får du kunnskap om dei geologiske prosessane som skapte fjordlandskapet, og du får sjå korleis landskapet er i dag. Du får også lære om det biologiske mangfaldet og korleis dyr og planter har tilpassa seg naturtypane her. Besøkssenteret har ei eiga utstilling og eit engasjerande aktivitetsrom for barn. Du finn òg ein triveleg kafé med gode småretter og eit butikkutsal med vekt på berekraftige norske produkt.
Tilleggsinformasjon
Den som køyrer bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo. Hugs å bestille ekstra inngangsbillett til Fjordsenteret dersom bestillinga omfattar to personar!
Foto: Kristoffer Ytterland (1, 5), Hyke Studio (2, 4, 6) og JL Media (3)
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 2 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 18 år
- Maks deltakere
- 15
- Sted
- Geiranger, Western Norway
Avgangstider
Oppmøtested
Geiranger Centre
Geiranger, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner