Om opplevelsen
Meir enn eit Kinderegg!
Drøymer du om å få reise på eventyr og verkeleg kome tett på dei norske fjordane? På denne turen får du oppleve både fjordar, natur og kultur, og kan saman med ei lita og eksklusiv gruppe fylle minneboka. Båten vil frakte deg gjennom heile fire fjordar på dagsturen – Hjørundfjorden, Storfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.
Sidan turen varer heile dagen, har du god tid til å sjå og studere dei gamle fjordgardane, formasjonane i fjella, det lokale dyrelivet og korleis verdsarvområdet vart til. Kapteinen har god kunnskap om både geografi, historie, dyreliv og sikkerheit, og vil gjere sitt beste for å skape ei god oppleving for deg og følget ditt.
Pris på førespurnad. For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Tilleggsinformasjon
Hugs å kle deg etter vêret. Oppmøte bak Joker i Geiranger Sentrum seinast eit kvarter før avgang – sjå etter skiltet med Båtservice Geiranger.
Foto: Hyke Studio
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 8 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 1
- Sted
- Geiranger Marina, Western Norway
Oppmøtested
Geiranger marina
Geiranger Marina, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner