Fisketur på Geirangerfjorden
Prøv fiskelukka saman med ein kjentmann når du er i Verdsarvområdet!
Om opplevelsen
Prøv fiskelukka saman med ein kjentmann når du er i Verdsarvområdet!
Prøv fiskelukka når du er i Verdsarvområdet – og her skal vi jakte på større ting enn makrell! Kast snøret frå ein komfortabel båt og få med deg verdskjende attraksjonar medan du ventar på at brosme, lange og lysing skal bite på kroken. Dette er ein privat tur, kor kapteinen sjølv viser deg dei beste fiskeplassane og fortel om naturen du ser. Utstyret om bord i båten er av topp kvalitet og berekna på å dra opp fisk frå stor djupne. Fangsten får du sjølvsagt med om du vil!
Dei oppsette turane med fast avgang kan du bestille direkte her på nettsida, men ta gjerne kontakt om du ynskjer å sende ein førespurnad om tur på andre tidspunkt. Denne fisketuren er ein kombinert cruise- og fisketur, så om du ønsker større fangst bør den vare lenger. For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar, der fire kan fiske samtidig. Turen anbefalast ikkje for born under ti år.
Tilleggsinformasjon
Hugs å kle deg etter vêret. Oppmøte ved Geiranger Marina, bak Joker i Geiranger sentrum seinast eit kvarter før avgang. Sjå etter skiltet med Båtservice Geiranger.
For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar, der fire kan fiske samtidig. Turen anbefalast ikkje for born under ti år.
Alle foto: Hyke Studio
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 2 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 10 år
- Maks deltakere
- 1
- Sted
- Geiranger Marina, Western Norway
Oppmøtested
Geiranger marina
Geiranger Marina, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner