Book Local
Geiranger Skywalk Dalsnibba
emob Geiranger

Geiranger Skywalk Dalsnibba

Bli med på ein fabelaktig tur forbi fossar, juv, jettegryter, setrar, isbrear, vatn og fantastiske fjell, og køyr på historisk veg mot høgdepunktet Dalsnibba.

Vanskelighetsgrad Easy
Alder 18+ år
Varighet 3h
Pris fra 2 700 NOK

Om opplevelsen

Bli med på ein fabelaktig tur forbi fossar, juv, jettegryter, setrar, isbrear, vatn og fantastiske fjell, og køyr på historisk veg mot høgdepunktet Dalsnibba.

Denne turen er ein juvel som blenkjer av rennande vatn, funklande is og skir fjelluft. På vegen mot det storslåtte målet Dalsnibba, 1500 meter over havet, «øver» du deg på høgdeopplevingar på Flydalsjuvet.


Du køyrer gjennom kulturlandskapet og opp mot ville høgfjellet, forbi jettegryter og myldehus. På Djupvasshytta Hotel kan du kanskje unne deg ei kvild, nyte freden over Djupvatnet og utsynet til Blåfjellsbreen. Så er det klart for den siste vegbiten opp mot største attraksjonen, Dalsnibba, himmelen og taket over Geiranger. Gled deg til spektakulære Geiranger Skywalk!


NB: Bomvegen opp til Dalsnibba er ikkje inkludert i prisen, men du bestemmer sjølv om du vil betale bomavgift og køyre heilt til topps. Det gjer du ved bomstasjonen i første delen av Nibbevegen. Når bommen er bemanna, kan du òg få hjelp i billettluka.


Turen kan òg bestillast som VIP-tur med personleg guide (på førespurnad). 

Tilleggsinformasjon

Den som kjører bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan være yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.


Alle bilde: JL Media

Levert av

emob Geiranger

Pris fra

2 700 NOK
elbil (maks 2 pers) 2 700 NOK

Praktisk info

Varighet
3 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
18 år
Maks deltakere
15
Sted
Geiranger, Western Norway

Avgangstider

Kvar time i sesongen. Møt gjerne opp ein halv time før bestilt tidspunkt for instruksjon, overlevering av nøklar m.m.

Oppmøtested

Geiranger centre

Geiranger, Western Norway

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image