Geiranger Skywalk Dalsnibba
See all dates and details for this experienceBooking has closed for this departure
See other datesOm opplevelsen
Bli med på ein fabelaktig tur forbi fossar, juv, jettegryter, setrar, isbrear, vatn og fantastiske fjell, og køyr på historisk veg mot høgdepunktet Dalsnibba.
Denne turen er ein juvel som blenkjer av rennande vatn, funklande is og skir fjelluft. På vegen mot det storslåtte målet Dalsnibba, 1500 meter over havet, «øver» du deg på høgdeopplevingar på Flydalsjuvet.
Du køyrer gjennom kulturlandskapet og opp mot ville høgfjellet, forbi jettegryter og myldehus. På Djupvasshytta Hotel kan du kanskje unne deg ei kvild, nyte freden over Djupvatnet og utsynet til Blåfjellsbreen. Så er det klart for den siste vegbiten opp mot største attraksjonen, Dalsnibba, himmelen og taket over Geiranger. Gled deg til spektakulære Geiranger Skywalk!
NB: Bomvegen opp til Dalsnibba er ikkje inkludert i prisen, men du bestemmer sjølv om du vil betale bomavgift og køyre heilt til topps. Det gjer du ved bomstasjonen i første delen av Nibbevegen. Når bommen er bemanna, kan du òg få hjelp i billettluka.
Turen kan òg bestillast som VIP-tur med personleg guide (på førespurnad).
Tilleggsinformasjon
Den som kjører bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan være yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.
Alle bilde: JL Media
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 3 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 18 år
- Maks deltakere
- 15
- Booking lukker
- 1 dager før
- Sted
- Geiranger, Western Norway
Oppmøtested
Geiranger centre
Geiranger, Western Norway
Bilder fra turen