Tre UNESCO-fjordar på fem timar
Få med deg tre fjordar på ein dag – med båten og kapteinen for deg sjølv!
Om opplevelsen
Få med deg tre fjordar på ein dag – med båten og kapteinen for deg sjølv!
Dei tre unike fjordane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden høyrer alle til UNESCO-verdsarvområdet, og på denne turen får du bokstaveleg talt flyte rundt på alle tre. Senk skuldrane, pust frisk luft og høyr smått og stort om livet ved fjorden om bord i ein komfortabel båt. Du har god tid til å legge merke til dei ulike fjordane sine særpreg og naturlege variasjonar.
Dei oppsette turane med fast avgang kan du bestille direkte her på nettsida, men ta gjerne kontakt om du ynskjer å sende ein førespurnad om tur på andre tidspunkt. For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Tilleggsinformasjon
Praktisk informasjon: Hugs å kle deg etter vêret. Oppmøte ved Geiranger Marina, bak Joker i Geiranger Sentrum seinast eit kvarter før avgang. Sjå etter skiltet med Båtservice Geiranger.
For at du og følgjet ditt skal få ei mest mogleg personleg og eksklusiv oppleving, anbefalar vi at gruppa ikkje er større enn åtte personar.
Alle foto: Hyke Studio
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 5 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Maks deltakere
- 1
- Sted
- Geiranger Marina, Western Norway
Avgangstider
Klokka 12-17 kvar dag ved tilgjengeleg kapasitet.
Oppmøtested
Geiranger marina
Geiranger Marina, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner