Grunnkurs havkajakk
Grunnkurs havkajakk er eit 16-timars kurs fordelt på to dagar. Det har som mål å ruste deg med naudsynt kompetanse for å utforske eigne padleeventyr på ein trygg måte.
Direkte booking er ikke aktivert for denne opplevelsen ennå — send en forespørsel så kontakter operatøren deg.
Om opplevelsen
Grunnkurs havkajakk er eit 16-timars kurs fordelt på to dagar. Det har som mål å ruste deg med naudsynt kompetanse for å utforske eigne padleeventyr på ein trygg måte.
Målsettinga med dette kurset er å introdusere deltakaren til kajakken og utstyret. Etter endt kurs skal du gjennom enkle praktiske øvingar ha lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Kurset vil gje deg kunnskap om grunnleggjande tryggleiksrutinar, enkle øvingar og effektiv manøvrering av kajakken.
Grunnkurs havkajakk er fordelt på to dagar og har som mål å ruste deg med naudsynt kompetanse for å utforske eigne padleeventyr på ein trygg måte, anten du er ny eller har noko erfaring og ønskjer ein grundig gjennomgang og rettleiing i ulike teknikker.
Øygarden kajakksenter legg vekt på tryggleik og difor avgrensar vi deltakarantallet til ikkje meir enn 8 deltakarar per instruktør. Vi føl kursprogrammet til Norges Padleforbund (NPF) og instruktørane våre er utdanna gjennom NPF. Etter at du har fullført kurset, vil du motta Våttkortet som gjer at du kan få vera med på aktiviteter/kan leige kajakk i Noreg og evt. kan halde fram med teknikkurs om du ønskjer.
Det er ikkje naudsynt å ha gjennomført introduksjonskurset før du melder deg på grunnkurset. Gjer deg klar for å utforske havet med kunnskap og tryggleik!
Hovedmål
Deltakaren vert introdusert til kajakken og utstyret. Etter endt kurs har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. I tillegg er deltakaren kjent med enkle tryggleiksrutinar og øvingar, samt korleis effektivt manøvrere kajakken.
Delmål
Løfte, bære, sjøsette og entre kajakken
Effektiv framoverpadling
Bakoverpadling og stopp.
Sidevegs forflytning av kajakken.
Lavt støttetak
Styretak (bak)
Sving (sveipetak og styretak)
Ilandstigning
Sikring av kajakk etter ilandstigning
Redningsteknikkar
Skadeførebygging
Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
Generell tryggleik og grunnleggande sjømannskap
Generelt om friluftsliv og Allemannsretten
Sporlaus ferdsel
Trykk på Bestill no for å sjå kursdatoer.
Tilleggsinformasjon
Krav til deltakelse:
· 16 år i løpet av året
· Normal fysisk helse
· Ikkje påvirka av alkohol
· Om du har astma eller epilepsi, ta kontakt med oss for informasjon
Inkludert:
· Våtdrakt, 3-5mm
· Redningsvest
· Havkajakk
· Padleåre
· Spruttrekk
· Hanskar ved behov
· Garderobefasilitetar
Ta med:
· Badetøy til å ha under våtdrakta
· Evt. ullundertøy til å ha under (tidlig sesong)
· Handduk
· Mat og drikke til ein aktiv dag
· Pose til å ha våte klede i etter aktiviteten
· Sko som kan bli våte
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 16 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 16 år
- Maks deltakere
- 16
- Sted
- Basecamp i Kjøpmannsvågen på Toftøy, Vestlandet
Avgangstider
Oppmøtested
Basecamp i Kjøpmannsvågen på Toftøy, Vestlandet
Bilder fra turen
Klikk på et bilde for å se i full størrelse
Lignende opplevelser
Andre populære turer i Fjord Norway.