Rafting for heile familien
See all dates and details for this experienceOm opplevelsen
Vi inviterer gjengen din til rafting, leik og moro! Den store og trygge Vossoelva er perfekt for «leikne born» i alle aldrar frå 5 år.
Store, stødige raftingflåtar høver dei fleste, og vi kan også ta med 2-mannsraftar til dei som ynskjer ei ekstra utfordring!
Vi inviterer gjengen din til rafting, leik og moro! Den store og trygge Vossoelva er perfekt for «leikne born» i alle aldrar.
Familieturane høver familiar med born 5 år gammal i løpet av året eller eldre, skuleklassar og idrettslag der ein er under 15 år – og for dei som trur Strandaelva blir for tøff.
Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til åtte deltakarar, og små to-mannsraftar (duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!
obs* Vi anbefaler ikkje å ta med born under 12 år i 2-mannsraft/Duckies. Store og stødigare rafter er då eit betre alternativ. Duckier veltar lett og det kan verta ein litt for tøff oppleving for de minste.
VOSSO: Vosso renn mellom Bulken og Evanger, langs E16 mot Bergen. Her raftar vi mellom Geitle og Evanger, ca. 7 km med morosame og sikre elvestryk. Vi startar i roleg elv og raftar nedover med straumen, der vi passerer store bølgjer og mindre stryk. Vi tek ein badepause i eit lite vatn før vi raftar vidare til bygda Evanger.
Tilleggsinformasjon
Krav:
- 5år i løpet av året
- Normal fysisk helse
- Treng ikkje kunne symje, men må vere komfortabel med vatn!
- Maks 120kg
- Ikkje påverka av rusmiddel
- Deltaking på denne aktiviteten er ikkje tillate for personar som er gravide, eller som har hjarte- eller ryggproblem
- Vi tilrår at du rådfører deg med oss ved medisinske tilstandar som nylege operasjonar, astma, epilepsi, ryggskadar eller avgrensa rørsleevne.
Varigheit:
- Ca. 3 timar totalt
- Ca. 1,5–2 timar på elva
Inkludert:
- Neopren våtdrakt. Heildekkande 5mm om sommaren og varm 7mm dykkerdrakt om vår/haust. Vi har det beste utstyret av alle selskapa i Noreg!
- Elvesko, redningsvest og hjelm
- Forfriskingar
Ta med:
- Badetøy
- Handkle
- Ei langerma undertrøye i ull for kjølige dagar
- Alle våtdraktar og sko blir desinfiserte etter kvar tur
Godt å vita
- Du blir garantert våt!
- Alle våtdrakter og sko blir desinfiserte etter kvar tur
Levert av
Praktisk info
- Varighet
- 3 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 5 år
- Maks deltakere
- 21
- Booking lukker
- 1h før
- Sted
- Voss Active Base, Western Norway
Viktig informasjon
Generelle vilkår
- Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
- Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
- Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%
- Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
- Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 72 timar før innsjekking.
- Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!
Oppmøtested
Nedkvitnesvegen 25, 5710, Skulestadmo
Voss Active Base, Western Norway
Bilder fra turen
Book this departure
Rafting for heile familien
fredag 5 juni 2026 · 09:30 — 12:30