Book Local
Fyrsafari til Utvær frå Gulen og Solund
Visit Fjordkysten & Sunnfjord AS

Fyrsafari til Utvær frå Gulen og Solund

I sommarhalvåret kan du vere med på Fyrsafari til Noregs vestlegaste fyr - Utvær.

Vanskelighetsgrad Easy
Varighet 6h
Pris fra 1 150 NOK

Om opplevelsen

I sommarhalvåret kan du vere med på Fyrsafari til Noregs vestlegaste fyr - Utvær.

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Utsikta frå toppen av fyret er fantastisk! Kvar laurdag frå slutten av juni til midten av august kan du bli med på fyrsafari. 


Turen startar med ein flott båttur gjennom øyar, holmar og skjer ytterst i Sognesjøen. Etter eit stopp på Nåra i Ytre Sula, vil båten fortsette å gå gjennom tronge sund og øysamfunn før den tek deg med ut til Utvær, ytterst i havgapet. Båtførar guider lett undervegs.


På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter eit kapell som vart flytta frå Utvær i 1718, og merke etter sliping av sverd. Stien er ca. 1,5 km og du vil stort sett gå i ulendt terreng. Framme ved Utvær fyr kan dei som vil gå opp i fyret for å nyte den fantastiske utsikta! 


Kvar laurdag i perioden 27. juni - 8. august kan du vere med på fyrsafari frå Eivindvik, Sollibotn, Skjerjehamn og Hardbakke


Turen har følgande avgangar frå Gulen med båten Solundir

Kl. 0915 Avgang Eivindvik

Kl. 0932 Avgang Sollibotn (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Bergen til Sogn)

Kl. 0945 Avgang Skjerjehamn

Kl. 1000 Ankomst Nåra

Kl. 1050 Avgang Nåra (Her vert da båtbytte for reisande frå Gulen)

Kl. 1150 Ankomst Utvær

Kl. 1420 Avgang Utvær

Kl. 1500 Ankomst Nåra 

Kl. 1610 Avgang Nåra (Her vert da båtbytte for reisande til Gulen) 

Kl. 1630 Ankomst Skjerjehamn

Kl. 1645 Ankomst Eivindvik (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Sogn til Bergen, med avgang Sollibotn 19.05)


Det er også mogleg å gå av på Skjerjehamn på returen. Her kan du ete ein god middag før turen går vidare mot Bergen. OBS! Skjerjehamn er eit stjernestopp*. Du må difor ta kontakt med fartøyet om at du ønskjer å bli henta på Skjerjehamn. Kontaktinformasjon finn du her.


Turen har følgande avgangar frå Hardbakke til Utvær

Kl. 1030 Avgang Hardbakke (Båten korresponderer med hurtigbåten frå Selje, og med bussen frå Krakhella)

Kl. 1050 Avgang Nåra

Kl. 1150 Ankomst Utvær

Kl. 1420 Avgang Utvær

Kl. 1500 Ankomst Nåra 

Kl. 1520 Ankomst Hardbakke (Båten korresponderer med bussen frå Hardbakke til Krakhella, og med hurtigbåten frå Krakhella til Selje)


Ved reisande som kjem nordfrå med ekspressbåten vert det tilrettelagt retur til Hardbakke som korresponderer med buss til Krakhella og ekspressbåt nordover. For sikkerheitsskuld, gje beskjed til mannskapet om at du skal reise med bussen 15.20 ved påstigning i Hardbakke.


Reise frå Ytre Sula

Båten kan hente deg på Kolgrov. Ring til Vidar Hop Skyssbåter på tlf. 970 18 145 for å gjere ein spesialavtale. Etter at du har gjort ein avtale kan du kjøpe billett på nett her.


Du nyttar den same billetten uansett om du vil reise frå Gulen, Hardbakke eller Ytre Sula.

Tilleggsinformasjon

Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke. Ta gjerne med mat og drikke. Vêret kan skifte brått ute i havgapet så det er anbefalt å ha med varme klede i sekken. Sal av vaflar, kaffi og saft på Utvær. Det er også mogleg å kjøpe suvenirar. Du kan betale med Vipps eller kontant.

Levert av

Visit Fjordkysten & Sunnfjord AS

Pris fra

1 150 NOK
Baby 0 NOK
Barn 300 NOK
Vaksen 1 150 NOK

Praktisk info

Varighet
6 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Maks deltakere
23
Sted
Hardbakke, Western Norway

Avgangstider

09.15 - Departure from Eivindvik, 09.32 - Departure from Sollibotn, 09.45 - Departure from Skjerjehamn, 10.30 - Departure from Hardbakke, Solund. 11.50 - Arrival at Utvær. 14.20 - Departure from Utvær. 15.20 - Arrival at Hardbakke, 16.30 - Arrival at Skjerjehamn, 16.45 - Arrival at Eivindvik

Viktig informasjon

Kanselleringsbetingelsar: Må kansellere minst 24 timer før turen for full refusjon. Om du kansellerer etter 24 timer får du kun 50% av kjøpssummen tilbake..


Oppmøtested

Eivindvik, Sollibotn, Skjerjehamn eller Hardbakke

Hardbakke, Western Norway

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image