Best of Geiranger RIB
Opplev Geirangerfjorden både til lands og til fjords! Kombiner ein times guida rundtur i ein av dei små, grøne elbilane rundt fjorden med ein påfølgjande RIB-tur med full fart og frisk fossedusj i ansiktet.
Om opplevelsen
Opplev Geirangerfjorden både til lands og til fjords! Kombiner ein times guida rundtur i ein av dei små, grøne elbilane rundt fjorden med ein påfølgjande RIB-tur med full fart og frisk fossedusj i ansiktet.
Har du lyst til å oppleve Geirangerfjorden både til lands og til fjords? Her kan du kombinere ein times guida rundtur på vegen i ein av dei små, grøne elbilane med ein påfølgjande RIB-tur på fjorden med full fart og frisk fossedusj i ansiktet. Når du hentar bilen, vel du sjølv om du vil køyre turen mot 1. Ørnevegen eller 2. Flydalsjuvet.
Ørnevegen: Først køyrer du gjennom Geiranger sentrum, langs fjorden og opp Ørnevegen som slyngjer seg oppover mot den vidgjetne Ørnesvingen. Der du får eit fabelaktig utsyn over fjorden, mot dei storslåtte fossefalla Dei sju systrer og smålåtne fjellgardar.
Flydalsjuvet: Denne panoramaturen har fleire stoppepunkt. Først køyrer du oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på ei trone og nyte utsikta mot fjorden og svimlande djup. Vidare går ferda oppover dei grøne bakkane mot fjellgarden Vesterås, der du får ei praktfull utsikt over fjord og fjell.
På RIB-turen kjem du nærare naturen enn du trudde var mogleg – her får du ei fantastisk oppleving av Unesco-fjorden på nært hald! Båten går heilt inntil fossane og gjer fleire stopp der du får oppleve dei kjende attraksjonane på kroppen og kan ta fantastiske bilde.
Tilleggsinformasjon
Den som køyrer bilen, må ha førarkort for personbil – hugs å ta dette med. Sjåføren må vere over 18 år, men passasjeren kan vere yngre så lenge han eller ho veg meir enn 15 kilo.
Foto: Fjord Guiding (RIB) og JL Media
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 3 timer
- Vanskelighetsgrad
- medium
- Minstealder
- 18 år
- Sted
- Geiranger, Western Norway
Avgangstider
Oppmøtested
Geiranger centre
Geiranger, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner